Auka samarbeid, betre kundeservice og fleire billettar tilgjengeleg i 2024
Vi nådde fleire viktige milepælar i 2024! Les om korleis det gjekk med Entur i års- og berekraftsrapporten som no er publisert.

Publisert 22.04.2025
Ein meir attraktiv reiseapp
På slutten av 2024 var billettar frå alle fylkeskommunale kollektivselskap tilgjengelege i Entur-appen! Det betyr at reisande strengt tatt berre treng ein app når dei skal reise kollektivt. Med mindre ein skal køyre hurtigbåt eller ha periodebillett (i nokon fylker er ikkje dei tilgjengelege enno).
Entur-appen blei også betre ved at vi lanserte ulike produkt, deriblant Reisevenn som gir reisande ekstra tryggleik og støtte under reisa.
Stadig betre kundeservice
Vår kundeservice yter stadig betre. Responstida på skriftlege henvendingar har blitt forbetra med nesten 40 prosent takka vere ny teknologi og automatiserte system.
I april 2025 veit vi også at SJ skårar skyhøgt på kundetilfredsheit, og Entur får ros frå SJ for å gjere ein fantastisk jobb med å utvikle gode salgs-løysingar, og god informasjon ved avvik. Vi veit også at Vy er nominert til ein pris for beste kundeservice innan reise og oppleving – der Entur som kjent har ei vesentleg rolle.
Inngjekk tettare samarbeid med fleire
Samarbeid er ein del av vårt DNA, og i 2024 slo vi eit slag for gjenbruk av allereie eksisterande tenester framfor å bygge nye. Vi var ein aktiv bidragsytar i prosjekt som fremjar utvikling av felles digitale løysingar for kollektivsektoren. Dette inkluderer rapporten "En stegvis tilnærming til ett felles samarbeid for digital tjenesteutvikling" som Kollektivtrafikkforeningen har hatt regi på. Formålet med rapporten var å sjå på kor vi kan samarbeide meir om digital tenesteutvikling, blant anna med TET Digital.
I 2024 avslutta Innlandet fylkestrafikk heilt sin eigen reiseapp, og viser no til Entur. Dette fekk Innlandet fylkestrafikk Kollektivprisen for på årets Kollektivkonferanse.
Eit meir modent selskap
Vi har også blitt eit meir modent selskap i løpet av 2024. Vi klatra på SHE-indeksen, noko som betyr at arbeidet med inkludering og mangfald gir utteljing.
Vi har fått større kvinneandel i Digital, for ved årets utløp var 3 av 10 av fast tilsette i Digital kvinner. Og andelen fast tilsette bikka 60 prosent. Med det er to hårete mål nådd.
Vi kunne også dette året slå heilt av den gamle reisesøkemotoren, og berre belage oss på den nye.
Dette er berre noko av alt det gode arbeidet Entur har gjort i 2024.
Les heile års- og berekraftsrapporten til Entur for 2024 her