Gå til hovedinnhold
Tilbake til forsiden

Slik finn du att det du har mista på toget

Det er fort gjort at ulukka er ute; paraplyen som blir attgløymd, telefonen som sklir ut av lomma og hamnar i setet eller ryggsekken som so umerkeleg ligg att på bagasjehylla. Entur er her for å hjelpe deg!

Bildet viser Saima, en ung kvinne i Entur-uniform som ser ut til siden. I forgrunnen ser vi Arve, en mann i 50-årene, også i Entur-uniform. De står i billettluken på Oslo S, men bakgrunnen er dus, så dette kommer ikke tydelig fram.

Publisert 19.01.2023

Svein Olav L. Midtstigen

Entur har ansvaret for hittegods frå togtrafikken i Norge, og kvar dag tek vi imot hanskar, øyreplugg-etui, pc-vesker og so vidare. Tidlegare var det slik at om du hadde mista noko på toget, måtte du ringe Entur sitt hittegods-kontor, vente i kø og registrere saken din hjå ein av våre tilsette.

No har vi gjort det litt enklare for deg. På hittegods.entur.no kan du sjølv gå inn og leite etter det du har mista blant alle ting vi har motteke frå konduktørar og vektarar rundt om på togstasjonar i Noreg.

Du skriv berre inn kva du har mista, til dømes ei blå lue, kvar og når du var på reise, og so leitar ein søkjemotor gjennom alle luer som vi har motteke og registrert i våre system på den togstrekka.

Om det finns ein match, kan du gjere krav på lua ved å skildre nærare korleis ho ser ut, eller laste opp eit bilete av deg der du har på deg lua. Om vi ser at du er den rette eigaren sender vi lua til deg i posten. Enkelt!

Om søkjemotoren ikkje finn ei lue som passar med di skildring, får du moglegheita til å etterlyse ho. Då vil etterlysinga di poppe opp om det kjem inn ei lue til oss som passar di skildring. So sender vi deg ein e-post om at ho har kome til rette og avtalar overlevering.

Om du heller vil snakke med oss direkte kan du besøke hittegodskontora. Vi har kontor i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Du kan også ringe kundesenteret vårt på 61 27 90 88.

Her finn du opningstider til kontora og lese meir om kva vi gjer med hittegods.