Gå til hovedinnhold
Tilbake til forsiden

No er alle billettar frå Skyss i Entur-appen

No kan du kjøpe både enkeltbillettar og periodebillettar frå Skyss i Entur-appen.

En hvit buss krysser en hengebro over en bred fjord. I bakgrunnen synes et blånende fjellmassiv Normalperspektiv gjør at broa danner en linje gjennom bildet. Foto

Publisert 18.09.2024

Svein Olav L. Midtstigen

Det har allereie vore mogleg å kjøpe Skyss-billettar gjennom Entur, men dette har vore avgrensa til enkeltbillettar, og berre innanfor Sone A, altså Bergen og omland. No kan vi gle oss over å melde at vi har utvida salet til å omfatte alle soner. I tillegg kan du no også kjøpe periodebillettar.

Dette er eit nytt steg mot Enturs mål om å gjere billettar frå heile landets offentlege kollektivtransport tilgjengelege for sal gjennom Entur.